Bakgrunn og lovgrunnlag

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk

Kommunen skal ha ein skriftleg oversikt over helsetilstanden til befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan verke inn på helsetilstanden. Plikta til å ha oversikt er forankra i Folkehelselova, Smittevernlova, Forskrift om oversikt over folkehelsen (folkehelseforskrifta), Forskrift om miljørettet helsevern og Forskrift om kommunenes helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten.

Dokumentet skal identifisere folkehelseutfordringar og ressursar. Det skal og innehalde faglege vurderingar av årsaksforhold og konsekvensar. Kommunen skal vere spesielt merksam på trekk i utviklinga som kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem, eller sosiale helseforskjellar. Det skal utarbeidast eit samla helseoversiktsdokument kvart fjerde år som skal ligge til grunn for det langsiktige systematiske folkehelsearbeidet. Dokumentet skal vere klart før start av arbeidet med planstrategien, og danne grunnlag for fastsetting av mål og strategiar. Kommunen skal samarbeide og utveksle informasjon med fylkeskommunen i arbeidet med oversiktsdokumentet. Kommunen skal jobbe systematisk med å ha kontinuerleg oversikt over helsetilstanden til befolkninga.

Helseoversikten skal baserast på:

  • Opplysingar frå statlege helsemyndigheiter og fylkeskommune
  • Kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestane
  • Kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innverknad på befolkninga si helse

I følgje folkehelseforskrifta skal oversikta gi opplysingar om og vurderinga av:

  1. Befolkningssamansetnad
  2. Oppvekst- og levekårsforhold
  3. Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
  4. Skadar og ulykker
  5. Helserelatert åtferd
  6. Helsetilstand