Arbeidsprosess og organisering

Fra Folkehelseoversikt.no
Revisjon per 1. okt. 2016 kl. 14:51 av Kjell-Arne Nordgård (diskusjon | bidrag) (Ny side: I prosjektet med å utarbeide eit helseoversiktsdokument har følgjande kommunar delteke heilt eller delvis på møtesamlingar: Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Høyang...)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

I prosjektet med å utarbeide eit helseoversiktsdokument har følgjande kommunar delteke heilt eller delvis på møtesamlingar: Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Høyanger, Jølster, Naustdal, Solund og Vågsøy.


Prosjektet er organisert på følgjande måte:

  • Styringsgruppe som består av rådmenna for kommunane
  • Prosjektgruppe som består av prosjektleiar og Folkehelseavdelinga i Flora
  • Arbeidsgrupper med representantar frå plan, utdanning og helse.


Arbeidsgruppene har tatt utgangspunkt i Helsedirektoratet sin vegleiar Oversikt over helsetilstand og påvikningsfakorter: God oversikt – En forutsetning for god folkehelse, og gjort ein seleksjon over tema som er viktige å fokusere på. Ein har henta inn statistiske data til ein statistikkbank. Vidare seleksjon av tema og data vart gjort inn i eit arbeidsdokument for å få meir oversikt. Arbeidsdokumentet legg grunnlaget for data og tema selektert for helseoversiktsdokumentet.


Det har vore viktig at gruppa har vore tverrfagleg med representantar frå helse, plan, oppvekst samt medlemmar med samfunnsmedisinsk kompetanse. Dette ikkje berre for å auke den tverrfaglege kompetansen i gruppa, men også for å betre forankringa av helseoversiktsdokumentet i kommunal administrasjon og leiing.


Helseoversiktsdokumentet skal danne eit grunnlag for framtidige statistikkbankar på internett i form av til dømes folkehelsepakkar på www.samhandlingsbarometeret.no. Dette vil truleg lette vidare arbeid med kontinuerleg oversikt i framtida.


Dokumentet er best lest elektronisk slik at ein kan følgje lenker understreka og utheva i blått. Ein peikar så direkte til kjelda som mogleg.