Forskjell mellom versjoner av «Folkehelseoversikt»
(→Befolkningssamansetnad) |
|||
Linje 9: | Linje 9: | ||
[[Fil:Folketal KHI.png|sentrer|miniatyr|739x739px]] | [[Fil:Folketal KHI.png|sentrer|miniatyr|739x739px]] | ||
− | |||
− | |||
<section begin="folketalsutvikling_2"></section> | <section begin="folketalsutvikling_2"></section> | ||
Linje 26: | Linje 24: | ||
Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege. ''Kjelde:'' [http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=PROGNOSE_AAR&stubs=GEO&stubs=ALDER&stubs=virtual&measure=common&virtualslice=BEFOLKINING_value&GEOslice=1401&ALDERslice=80_120&layers=KJONN&GEOsubset=1401%2C1412%2C1416%2C1418+-+1420%2C1428+-+1443%2C1445+-+1449&study=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfStudy%2FBeffrem&ALDERsubset=80_120&PROGNOSE_AARsubset=2020+-+2040&mode=cube&KJONNsubset=0&virtualsubset=BEFOLKINING_value&v=2&KJONNslice=0&PROGNOSE_AARslice=2040&submode=timeline&measuretype=4&cube=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfCube%2FBeffrem_C1&top=yes Khs.Fhi.no (2020)] | Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege. ''Kjelde:'' [http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=PROGNOSE_AAR&stubs=GEO&stubs=ALDER&stubs=virtual&measure=common&virtualslice=BEFOLKINING_value&GEOslice=1401&ALDERslice=80_120&layers=KJONN&GEOsubset=1401%2C1412%2C1416%2C1418+-+1420%2C1428+-+1443%2C1445+-+1449&study=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfStudy%2FBeffrem&ALDERsubset=80_120&PROGNOSE_AARsubset=2020+-+2040&mode=cube&KJONNsubset=0&virtualsubset=BEFOLKINING_value&v=2&KJONNslice=0&PROGNOSE_AARslice=2040&submode=timeline&measuretype=4&cube=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfCube%2FBeffrem_C1&top=yes Khs.Fhi.no (2020)] | ||
[[Fil:Framskriving 80+.png|sentrer|miniatyr|735x735px]] | [[Fil:Framskriving 80+.png|sentrer|miniatyr|735x735px]] | ||
+ | |||
+ | Kjelde: [http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=aar&stubs=GEO&stubs=alder&measure=common&virtualslice=TELLER_value&GEOslice=4602&layers=kjonn&layers=virtual&GEOsubset=4602%2C4638%2C4645+-+4648%2C4651&aarslice=2013_2013&study=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfStudy%2FBefolkningssammensetning-antall2020&kjonnsubset=0&mode=cube&alderslice=0_120&virtualsubset=TELLER_value&v=2&aarsubset=2013_2013%2C2015_2015%2C2017_2017%2C2019_2019&aldersubset=0_120&submode=timeline&measuretype=4&kjonnslice=0&cube=http%3A%2F%2F10.1.5.16%3A80%2Fobj%2FfCube%2FBefolkningssammensetning-antall2020_C1&top=yes khs.fhi.no] | ||
<section end="folketalsframskrivingar_1"></section> | <section end="folketalsframskrivingar_1"></section> |
Revisjonen fra 18. feb. 2020 kl. 08:08
Innhold
Befolkningssamansetnad
Folketalsutvikling
Veksten i folketalet i Norge kjem først og fremst i sentrale strøk, medan mange distrikskommunar får nedgang i folketalet. Dei store byane veks mest.Vi får ei tydeleg aldring i landet og denne er klart sterkast i distrika. Dei unge flyttar mot byane og barna blir i større grad fødde sentralt. Dei eldre blir igjen på bygda, og i 2040 vil meir enn kvar tredje innbyggar i nokre distriktskommunar ha passert 70 år.
Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt liten vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei / største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.
Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida. |
Folketalsframskrivingar
FHI sine folketalsframskrivingar for 2020-2040 Kjelde Khs.Fhi.no
Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege. Kjelde: Khs.Fhi.no (2020)
Kjelde: khs.fhi.no
Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2015 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014
Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat. |
Etnisk samansetting og utvikling
Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. Mellom 2007 og 2015 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen. I 2016 kom det flest gjennom familieinnvandring og fleire kom grunna flukt enn arbeid. I 2017 var og familie hovudårsak til innvandring, deretter arbeid..
I fylgje SSB var det per 9 mars 2019 omlag 944 402 med innvandrarbakgrunn busett i Noreg. Dette utgjer 17.7 % av befolkinga. Innvandrarar utgjorde 14,4 % av befolkinga, 3,4 prosent er norskfødde med innvandrarforeldre.
Det har vore ein mindre tilvekst av innvandrarar dei siste åra, sammenligna med toppåret 2013 då tilveksten var på heile 46 600 personer.
Ein stor del av innvandrarane er frå Polen, Litauen, Sverige, Tyskland, Pakistan, Somalia, Irak og Syria. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.
Noreg og Sogn og Fjordane hadde ei kraftig auke i antal asylsøkjarar i 2015. Dette heng saman med flyktningestraumen frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Irak som pregar Europa generelt.
I fylgje IMDi vart 2016 eit rekordår med over 15 000 busette flyktningar, 1 600 av desse var einslege mindreårige. Busettinga vil halde seg på eit høgt nivå også i 2017 og oppdaterte prognosar for busettingsbehov frå UDI tilseier at behovet vil vere om lag 11 080 personar inkludert 820 einslege mindreårige. Samstundes vil lågare innkomst av asylsøkjarar føre til eit lågare busettingsbehov i 2018.
Basert på anmodnings- og vedtakstal frå IMDI så ser det foreløpig ut som at behovet for busetting av flyktningar i 2019 vil vere om lag 5 350 personar.
Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet
Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid. |
Oppvekst- og levekår
Låginntekt hushaldning
Noreg har hatt ein liten men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) frå 2009 til 2016 (0-17 år).
Sogn og Fjordane har følgd same trend, men ligg under under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, I løpet av 2015 og 2016 opplevde nokre av kommunene ei prosentvis auke i antal hushaldningar og steig over nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Grunna lågt talmateriale, og før det føreligg nyare tal er det vanskeleg å gjere tolkningar. Kjelde: fhi.no
Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014 |
Einslege forsørgjarar
Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Sogn og Fjordane ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Sogn og Fjordane varierer mykje mellom kommunane, men dei flestte har hatt stabil flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.
Analyser viser at einslige forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.' |
Arbeidsløyse
Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Sogn og Fjordane har svinga mellom 1-3% siste 3 åra. Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunar i Sogn og Fjordane, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.
Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no
Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer. Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40) |
Sjukefråvær
Sjukefråværet i Sogn og Fjordane har vore stabilt rundt 5%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.
Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer
statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no. Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst. |
Uføretrygd
Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.
Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen.
|
Mottakarar av sosialhjelp
Mottakarar av sosialhjelp varerier mykje mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold. Tala er av eldre dato og Folkehelseinstituttet har slutta å oppdatere statistikkbanken. Dette er truleg ein indikator som i framtida vil bli tatt ut av helseoversiktsdokumentet.
Mottakarane av sosialhjelp er ei utsett gruppe psykososialt og materielt. Dei har ofte ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Det er også vist at det er langt større innslag av helseproblem blant sosialhjelpsmottakarane enn i befolkninga elles, og særlig er det ein stor del med psykiske plager og lidingar.
|
Utdanningsnivå
Sogn og Fjordane har opplevd ein jamn nedgang i antall personar i alderen 30-39 år som har fullført høgare utdanning på 4,5% (1122 personar) i tidsperioda 2007-2017, der negangen har vore størst dei siste 5 åra med 3,5%. Det er størst nedgang i antal personar som har gjennomført vidaregåande skule, med ein reduksjon på 13% (1942 personar) iløpet av denne 10 års perioda. Trass positiv utvikling m.o.t fullført høgskule utdanning i same aldersgruppe, så er trenden totalt sett negativ. Ein ser og ei negativ utvikling nasjonalt med ein nedgang på 1,5% totalt og 9,8% nedgang i forhold til gjennomført vidaregåande utdanning. Ein ser i varierande grad den same tendensen i kommunane som i fylket, med auke i antall med fullført høgskule, og jamn nedgang totalt med størst nedgang i antal med fullført vidaregåande. Dette kan truleg knyttast til jobbtilbod og demografiske endringar.
Tal frå 2009 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning kan forvente å leve 6 år lengre enn menn med grunnskule. For kvinner er forskjellen 5 år. Kjelde: ''Folkehelserapporten, 2014 |
Fråfall i vidaregåande skule
Fråfallet frå vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 18% siste 5 åra. Det er stor variasjon mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Absolutt sett er tala for fråfall høge. I Noreg er det forventa at 90% av befolkinga fullfører vidaregåande opplæring i løpet av livet og 80% før fylte 25 år. Kjelde: Education at a Glance 2018: Sammendrag (s.3)
Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: ''fhi.no.
|
Barnevern
Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå SSB mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend.
Vi vet at risikofaktorer kan være foreldres psykiske sykdom eller rusmiddelmisbruk, vold i hjemmet, foreldre som er langtidsledige/trygdemottakere, fattigdom i familien osv. Jo flere av disse faktorene som et barn utsettes for, jo større sannsynlighet for skjevutvikling. Jo tidligere en klarer å identifisere disse risikofaktorene og sette i verk tiltak, jo større sannsynlighet er det for at barna klarer seg bra.
Kjelde: Folkehelsepolitisk rapport 2012 (s.46), Helsedirektoretet. |
Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
Radon
Førekomsten av radon er generelt låg i tidlegare Sogn og Fjordane, men det førekjem enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst ved at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.
Kvalitet på drikkevatn
Kvaliteten på drikkevatnet blant kommunane i Sogn og Fjordane er generelt bra. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er årsaka, men det kan skuldast usikre eller manglande data. Dette vil gjelde vassverk der det er analysert for få prøver m.o.t E. coli til å kunne vurdere drikkevannskvaliteten (færre enn 95 % av krav til antal prøver) og vassverk som ellers mangler data eller har registrert resultat for seint. Kjelde: ''khs.fhi.no
Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining. Kjelde: ''fhi.no. |
Lovbrot
Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. I løpet av tidsrommet 2010 - 2017 har talet på sikta sunke jamt. Kjelde: ''SSB
(FINN IKKJE NYE TAL)
Frivillige lag og organisasjonar
Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: ''Stortingsmelding 47, kapittel 16 |
Frivillige organisasjonar på ei rad område – friluftsliv, idrett, sosialt arbeid, kultur og nærmiljø – speler ei viktig rolle i folkehelsearbeidet, både i kraft av dei aktivitetane organisasjonane står for, og ved at det gir eigenverdi for enkeltmenneske å engasjere seg i frivillig arbeid. Noreg ligg på topp internasjonalt i frivillig aktivitet. Den frivillige arbeidsinnsatsen i Noreg svarer til nærmare 148 000 årsverk. Frivillig arbeid kan motverke einsemd og skape arenaer for deltaking, aktivitet, meistring og trivsel i alle livsfasar. https://www.regjeringen.no/contentassets/84138eb559e94660bb84158f2e62a77d/nn-no/pdfs/stm201820190019000dddpdfs.pdf
Kinn kommune har dei seinare åra styrka samarbeidet med frivillige lag og organisasjonar. Gjennom ulike tiltak som oppfølging av Fritidserklæringa og Fritidskortet legg ein tilrette for fritidsaktivitetar for barn og unge. Utstyrssentral/BUA er etablert. Gjennom frivilligsentralen har ein fått styrka samrbeidet med dei frivillige og det er ytt økonomisk støtte til famiiliar for at barn og unge skal kunne drive med fritidsakltivitetar. Gjennom LEVVEL har ein etablert nye aktivitetsarena for eldre og sett fokus på betydninga av frivillig arbeid og deltaking.
Mobbing og trivsel i skulen
Tala for mobbing i Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling,FOR GAMLE TAL I SSB, MÅ FINNE NYARE med mindre mobbing generelt i skulen. Same positive utviklinga ser ein på trivsel i skulen. Dei siste 5 åra har tala for trivsel auka for kommunane.
Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.
Mobbing er en vesentlig individuell risikofaktor for psykiske lidelser (Fosse 2006). Barn som mobbes har opptil sju ganger høyere risiko for psykiske plager som engstelse, depresjon, ensomhet og rastløshet, enn barn som ikke mobbes. Blant barn og unge som mobbes er også kroppslige helseplager som hodepine, ryggsmerter, "vondt i magen" og svimmelhet, dobbelt så vanlig som blant andre barn. Jo oftere et barn blir mobbet jo større er risikoen for helseplager (Nordhagen 2005). Sammenhengen mellom mobbing og helseplager understreker at det er viktig å forebygge mobbing i skolen. Det er dessuten viktig å følge med på statistikk over andelen som har vært utsatt for mobbing for å si om hvordan iverksatte tiltak fungerer, og for å kunne drive lokalt kvalitetsforbedringsarbeid. Kjelde: ''fhi.no |
FINN NY REFERANSE
Skader og ulykker
Personskadar behandla i sjukehus
Utviklinga av personskadar har gått jamt ned på landsbasis sidan 1950-talet. Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet, men ein har sett ein liten nedgang i fylket totalt frå 2010 til 2017. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år. Ein veit ikkje sikkert kva som er årsaka til at Sogn og Fjordane ligg høgare enn landet generelt når det gjeld innleggingar som skuldast personskadar.
Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er et betydelig potensial for førebygging av skader og ulykker. Sjukehusbehandla personskadar synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane. Kjelde: ''fhi.no |
Andre ulykker
Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer mykje frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore over ein halvering av drepne og skadde i trafikken i åra 2000-2015 i Sogn og Fjordane, i 2016 og 2017 har ein sett ei auka i antal drepne i i trafikkulykker.
Drukningsulykker: Tal frå Norsk Folkehjelp viser at Sogn og Fjordane har lege på 3-10 drukningsulykker årleg i tidsrommet 2010-2016.
Brann: Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er lave: 2013: 1, 2014: 0, 2015: 2, 2016: 1.
Helserelatert atferd
Fysisk aktivitet
Tal frå undersøking av fysisk aktivitet blant barn og ungdom i Sogn og Fjordane er sprikande. Statistikkgrunnlaget er lite og resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. Generelt viser tala at 10-20% av barn og ungdom mellom 11 og 15 år er fysisk aktive dagleg i over 60 minutt som er anbefalingar frå Helsedirektoratet. Tal frå Ungdata 2017 viser at 80-95% av ungdom i Sogn og Fjordane er fysisk aktive på fritida.
På landsbasis¨er situasjonen slik at berre
- Om lag 80-90 prosent av barn i barneskulealder oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet.
- Halvparten av 15-åringane oppfyller tilrådingane.
- Blant vaksne er det om lag 30 prosent som oppfyller tilrådingane. (kjelde; Folkehelserapporten 2014, fhi.no)
Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.
Kjelde: Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet |
Kosthald
Tal frå Samhandlingsbarometeret og Ungdata 2017 viser at berre 20-40% av barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt og bær dagleg. Det er liknande resultat i den vidaregåande skulen, men det er lite data tilgjengeleg når det gjeld dette. Tal frå 2012 synte at at omlag halvparten av ungdomen på vidaregåande åt grønsaker dagleg. Igjen er talmaterialet lågt som gir forskjellar mellom kommunane, og tilgjengeleg talmateriale byrjar å bli gamalt. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.
Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: ''Helsedirektoratet. Kostholdsråd.
'Virkemidlene for å fremme sunne valg ligger i all hovedsak utenfor helsesektoren, og samarbeidet med andre sektorer, frivillige organisasjoner og private aktører er viktig. Dette er en felles oppgave. Ansvaret på tvers av sektorer må i større grad synliggjøres. Kjelde: 'Meld.St.34 Folkehelsemeldingen 2012-2013. God helse – felles ansvar (s.75). |
Overvekt
Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2011 til 2017 viser at andel med KMI over 25 frå Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 26%, som er relativt høgt. BMI målt i vidaregåande skule 2012 KMI under 25. Tal frå elevar 11 og 13 år gamle i 2011 viser normale verdiar. Avgrensa talmateriale gjev variasjonar mellom kommunane og ein saknar data over tid. Ein bør merke seg at KMI stig frå 11 års alder og fram til vaksen alder, samt at elevar i alderen 11 til 15 år opplev seg som meir overvektig enn kva faktiske målingar av KMI viser.
Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²):
KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig KMI på 30 og over = fedme
Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: ''fhi.no |
Røyking og rusmidlar
Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.
Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.
Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i Sogn og Fjordane.
Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no
Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4) Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus. |
Helsetilstand
Tannhelse
Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere god og ligg over landsgjennomsnittet.
Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no |
Sjukehusinnleggingar generelt
Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabilt frå 2009 til 2017.
Diabetes
Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2017, både nasjonalt og i Sogn og Fjordane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.
Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.
Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket |
Hjerte- og karsjukdomar
Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.
Muskel- og skjelettlidingar
Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.
Kreft
I Sogn og Fjordane har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Sogn og Fjordane føl nasjonal utvikling.
Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no
Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no |
Psykiske lidingar
På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Sogn og Fjordane under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.
Nasjonalt viser tal frå reseptregisteret ei auke i bruk av antidepressiva i aldersgruppa 15-19 sidan 2004.
Folkehelseinstituttet estimerer at 8% av barn og unge mellom 3-18 år har ei psykisk liding. Kjelde: ''Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 43)
Begrepet psykiske lidingar omfattar alt frå mildare plager som fobiar og lettare angst og depresjonslidingar, til omfattade og alvorlege tilstander som schizofreni. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 15)
Omtrent halvparten av den norske befolkninga vil ha ein form for psykisk liding i løpet av livet, og om lag ein tredjedel i løpet av eit år. Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22) Tala referert over er høge, og ein kan ikkje trekke konklusjon om at ein tredjedel av befolkinga er psykisk sjuke. Personar kan i kortare perioder vere deprimerte, og det er forholdsvis høg førekomst av fobiar og alkoholavhengighet. Desse gruppene føler seg ofte ikkje psykisk sjuke. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske helse i Norge Andel av befolkinga med alvorleg psykisk sjukdom er turleg låg. Ein studie frå Sogn og Fjordane (Kringlen E, Torgersen S, Cramer V. Mental illness in a rural area - A Norwegian psychiatric epidemiological study. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology 2006; 41: 713-9) viser at 5,1 prosent av befolkinga er utsett for å få alvorleg psykisk sjukdom. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014 |