Forskjell mellom versjoner av «Oppvekst- og levekår»
(Ny side: = Låginntekt hushaldning = <section begin="låginntekt_1"></section> Noreg har hatt ein liten men jamn auke av [http://khs.fhi.no/webview/index.jsp?headers=AAR&virtual=lavinntekt_andel_...) |
(Ingen forskjell)
|
Nåværende revisjon fra 15. okt. 2019 kl. 13:16
Innhold
Låginntekt hushaldning
Noreg har hatt ein liten men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) frå 2009 til 2016. Sogn og Fjordane har følgd same trend, men ligg om lag 1,8% under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, I løpet av 2015 og 2016 opplevde nokre av kommunene ei prosentvis auke i antal hushaldningar og steig over nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Grunna lågt talmateriale, og før det føreligg nyare tal er det vanskeleg å gjere tolkningar.
Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014 |
Einslege forsørgjarar
Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Sogn og Fjordane ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Sogn og Fjordane varierer mykje mellom kommunane, men dei flestte har hatt stabil flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.
Analyser viser at einslige forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.' |
Arbeidsløyse
Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Sogn og Fjordane har svinga mellom 1-3% siste 3 åra. Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunar i Sogn og Fjordane, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.
Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no
Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer. Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40) |
Sjukefråvær
Sjukefråværet i Sogn og Fjordane har vore stabilt rundt 5%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.
Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer
statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no. Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst. |
Uføretrygd
Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.
Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen.
|
Mottakarar av sosialhjelp
Mottakarar av sosialhjelp varerier mykje mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold. Tala er av eldre dato og Folkehelseinstituttet har slutta å oppdatere statistikkbanken. Dette er truleg ein indikator som i framtida vil bli tatt ut av helseoversiktsdokumentet.
Mottakarane av sosialhjelp er ei utsett gruppe psykososialt og materielt. Dei har ofte ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Det er også vist at det er langt større innslag av helseproblem blant sosialhjelpsmottakarane enn i befolkninga elles, og særlig er det ein stor del med psykiske plager og lidingar.
|
Utdanningsnivå
Sogn og Fjordane har opplevd ein jamn nedgang i antall personar i alderen 30-39 år som har fullført høgare utdanning på 4,5% (1122 personar) i tidsperioda 2007-2017, der negangen har vore størst dei siste 5 åra med 3,5%. Det er størst nedgang i antal personar som har gjennomført vidaregåande skule, med ein reduksjon på 13% (1942 personar) iløpet av denne 10 års perioda. Trass positiv utvikling m.o.t fullført høgskule utdanning i same aldersgruppe, så er trenden totalt sett negativ. Ein ser og ei negativ utvikling nasjonalt med ein nedgang på 1,5% totalt og 9,8% nedgang i forhold til gjennomført vidaregåande utdanning. Ein ser i varierande grad den same tendensen i kommunane som i fylket, med auke i antall med fullført høgskule, og jamn nedgang totalt med størst nedgang i antal med fullført vidaregåande. Dette kan truleg knyttast til jobbtilbod og demografiske endringar.
Tal frå 2009 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning kan forvente å leve 6 år lengre enn menn med grunnskule. For kvinner er forskjellen 5 år. Kjelde: ''Folkehelserapporten, 2014 |
Fråfall i vidaregåande skule
Fråfallet frå vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 18% siste 5 åra. Det er stor variasjon mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Absolutt sett er tala for fråfall høge. I Noreg er det forventa at 90% av befolkinga fullfører vidaregåande opplæring i løpet av livet og 80% før fylte 25 år. Kjelde: Education at a Glance 2018: Sammendrag (s.3)
Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: ''fhi.no.
|
Barnevern
Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå SSB mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend.
Vi vet at risikofaktorer kan være foreldres psykiske sykdom eller rusmiddelmisbruk, vold i hjemmet, foreldre som er langtidsledige/trygdemottakere, fattigdom i familien osv. Jo flere av disse faktorene som et barn utsettes for, jo større sannsynlighet for skjevutvikling. Jo tidligere en klarer å identifisere disse risikofaktorene og sette i verk tiltak, jo større sannsynlighet er det for at barna klarer seg bra.
Kjelde: Folkehelsepolitisk rapport 2012 (s.46), Helsedirektoretet. |