Forskjell mellom versjoner av «Flora kommune»

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk
(Folketalsframskrivingar)
(Folketalsframskrivingar)
Linje 10: Linje 10:
  
 
=== Folketalsframskrivingar ===
 
=== Folketalsframskrivingar ===
[[Fil:Framskriving.JPG|right|400px|link=https://www.samhandlingsbarometeret.no/webview/index.jsp?headers=aar&komnrslice=1438&kildesubset=Prognose&stubs=kilde&stubs=komnr&measure=common&aldersgruppeslice=80%2B&virtualslice=Prosent_value&kildeslice=Prognose&layers=aldersgruppe&layers=virtual&aarslice=2040&study=https%3A%2F%2F161.4.9.106%3A443%2Fobj%2FfStudy%2FD009b&aldersgruppesubset=80%2B&mode=cube&komnrsubset=14+-+1401%2C1412%2C1416%2C1428+-+1439&v=2&virtualsubset=Prosent_value&aarsubset=2015%2C2020%2C2025%2C2030%2C2035%2C2040&submode=timeline&measuretype=4&cube=https%3A%2F%2Fstatistikk.samhandlingsbarometeret.no%3A443%2Fobj%2FfCube%2FD009b_C1&top=yes]]
+
[[Fil:Framskriving.JPG|right|800px|link=https://www.samhandlingsbarometeret.no/webview/index.jsp?headers=aar&komnrslice=1438&kildesubset=Prognose&stubs=kilde&stubs=komnr&measure=common&aldersgruppeslice=80%2B&virtualslice=Prosent_value&kildeslice=Prognose&layers=aldersgruppe&layers=virtual&aarslice=2040&study=https%3A%2F%2F161.4.9.106%3A443%2Fobj%2FfStudy%2FD009b&aldersgruppesubset=80%2B&mode=cube&komnrsubset=14+-+1401%2C1412%2C1416%2C1428+-+1439&v=2&virtualsubset=Prosent_value&aarsubset=2015%2C2020%2C2025%2C2030%2C2035%2C2040&submode=timeline&measuretype=4&cube=https%3A%2F%2Fstatistikk.samhandlingsbarometeret.no%3A443%2Fobj%2FfCube%2FD009b_C1&top=yes]]
 
Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege.
 
Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege.
  
Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. ''Kjelde: ''''[https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-47-2008-2009-/id567201/ St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen'']
+
<pre>Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. ''Kjelde: ''''[https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-47-2008-2009-/id567201/ St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen'']
  
 
''Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå.''&nbsp;''Kjelde: ''''[https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/hod/vedlegg/shdir_demensrapport_korr4.pdf Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).'']'' ''
 
''Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå.''&nbsp;''Kjelde: ''''[https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/hod/vedlegg/shdir_demensrapport_korr4.pdf Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).'']'' ''
  
  
''Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat. ''
+
''Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat. ''</pre>
  
 
=== Etnisk samansetting og utvikling ===
 
=== Etnisk samansetting og utvikling ===

Revisjonen fra 18. okt. 2016 kl. 12:58

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Sogn og Fjorande har på fylkesbasis hatt jamn vekst siste 5 åra. Ein ser størst vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har negativ befolkningsutvikling. Noko av variasjonen kan ein forklare med lavt talmateriale og tilfeldige variasjonar.

Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.

Folketalsframskrivingar

Framskriving.JPG

Kommunane i Sogn og Fjordane kan forvente at andelen eldre over 80 år aukar kraftig. I andre aldersgrupper er endringane mindre tydelege.

Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. ''Kjelde: ''''[https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-47-2008-2009-/id567201/ St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen'']

''Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2006 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå.'' ''Kjelde: ''''[https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/hod/vedlegg/shdir_demensrapport_korr4.pdf Sosial- og helsedirektoratet, 2007 (s23).'']'' ''


''Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat. ''

Etnisk samansetting og utvikling

Innvandring siste åra har i stor del vore knytt til arbeidsinnvandring av menn frå Aust-Europa. Tal frå SSB syner at Polen er høgt representert. Kommunar med asylmottak har fleire innvandrarar frå Afrika og Asia enn andre kommunar. For historiske tal kan ein søke direkte på kommunenivå for detaljerte tal på SSB.


Tala nasjonalt for antal personar i transittmottak i 2015 syner dei framtidige utfordringane til kommunane i Noreg. Frå veke 30 til veke 49 var det ei auke frå 1025 personar til 13699 personar som opphaldt seg i transittmottak i Noreg. UDI estimerte i november 2015 at det i Noreg er behov for 100 000 nye mottaksplassar i 2016.


Flora kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak. Her er det ca 160 bebuarar per 22. desember 2015. Desse kjem i hovudsak frå Syria, men òg frå Eritrea, Irak. Her er 10 palestinarar i tillegg til personar frå fleire andre land. Solbakken har plass til 190 personar. Bebuarane bur her i frå ein månad til fleire år, slik situasjonen er i dag skjer det raske endringar.

KOA driv omsorgssenter for EM (einsleg mindreårige flyktingar ) og har i dag 15 bebuarar i alderene 12-15 år. Det er varsla 2 til. I tilegg bur det 8 einsleg mindreårige i to ulike privatbustader i Flora kommune.

Arbeidsinnvandrarar

Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk aktivitet er lite utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''[http://www.fhi.no/artikler/?id=111676 Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

]

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: 'Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente


Det er naturleg å tenke at den kraftige auka i flyktningar og asylsøkjarar vil gje ei auka belastning på heile velferdsapparatet til kommunen, der barnehage, skule og helse er spesielt utsett. Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Flora kommune har eitt mottak, Solbakken asylmottak. Her er det ca 160 bebuarar per 22. desember 2015. Desse kjem i hovudsak frå Syria, men òg frå Eritrea, Irak. Her er 10 palestinarar i tillegg til personar frå fleire andre land. Solbakken har plass til 190 personar. Bebuarane bur her i frå ein månad til fleire år, slik situasjonen er i dag skjer det raske endringar.

KOA driv omsorgssenter for EM (einsleg mindreårige flyktingar ) og har i dag 15 bebuarar i alderene 12-15 år. Det er varsla 2 til. I tilegg bur det 8 einsleg mindreårige i to ulike privatbustader i Flora kommune.


Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein jamn men liten auke av hushaldningar under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) frå 2009 til 2012. Sogn og Fjordane har følgd same trend, men om lag 2,5% under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, men er vanskeleg å tolke, truleg grunna lågt talmateriale.


Flora kommunen er ikkje eintydig forskjellig frå landet når det gjeld andel born som bur i hushaldningar med låg inntekt. Låg inntekt vert definert her som under 60 % av nasjonal medianinntekt.


Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: 'fhi.no.


Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: 'Folkehelserapporten, 2014


Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Sogn og Fjordane ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Sogn og Fjordane varierer mykje mellom kommunane, men har hatt stabil flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Analyser viser at einslige forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Sogn og Fjordane har vore flat siste 3 åra. Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunane i Sogn og Fjordane, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.

Flora kommune hadde i november 2015 ei arbeidsløyse på 3,0 %, dette utgjer 187 personar. Arbeidsløysa I Sogn og Fjordane var på 1,8 % i same tidsrom. Helt ledige - www.nav.no (Dårleg lenke)

Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: 'fhi.no


Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Sogn og Fjordane har vore stabilt rundt 5%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.

Flora kommune ligg om lag på landssnittet i høve legemeldt sjukefråvèr. (veldig svakt over)


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: 'nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.

Uføretrygd

Sogn og Fjordane ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Sogn og Fjordane. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.


Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen. 


Grupper som står utanfor arbeidsliv og skule har oftare dårlegare psykisk helse og meir usunne levevaner enn dei som er i arbeid. De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: 'fhi.no


Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av sosialhjelp varerier mykje mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.


Flora kommune har eit noko høgare snitt mottakarar av sosialhjelp enn Sogn og Fjordane fylke.

Mottakarane av sosialhjelp er ei utsett gruppe psykososialt og materielt. Dei har ofte ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Det er også vist at det er langt større innslag av helseproblem blant sosialhjelpsmottakarane enn i befolkninga elles, og særlig er det ein stor del med psykiske plager og lidingar. 


Utbreiinga av sosialhjelp i totalbefolkninga er eit uttrykk for pågangen på det kommunale hjelpeapparatet frå personar som for kortare eller lengre tid er avhengig av økonomisk støtte til livsopphold. Lang tids avhengighet av sosialhjelp kan mellom anna spegle eit lokalt vanskeleg arbeidsmarknad, men også at sosialtenesta legg ulik vekt på aktivisering av den enkelte og på tverrfaglig samarbeid. Kjelde: 'fhi.no


Utdanningsnivå

Prosent av befolkninga med fullført vidaregåande eller høgare utdanning i aldersgruppa 30-39 har vore stabil for kommunane siste 5 år. Kommunane har variasjon seg i mellom. Dette er også knytt opp mot jobbtilbodet i dei ulike kommunane.


Innbyggjarane i Flora kommune har lågare utdanningsnivå enn landet.


Tal frå 2009 viser at menn med universitets- eller høgskuleutdanning kan forvente å leve 6 år lengre enn menn med grunnskule. For kvinner er forskjellen 5 år. Kjelde: 'Folkehelserapporten, 2014


Fråfall i vidaregåande skule

Fråfall frå vidaregåande skule i Sogn og Fjorande har gått jamt ned siste 4 åra. Det er stor variasjon mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Absolutt sett er tala for fråfall høge. I Noreg fullfører og består 57 prosent av elevane vidaregåande opplæring på normert tid. 'at a Glance 2014_Sammendrag_fra nettsiden til KD.docx Kjelde: Kunnskapsdepartementet: Education at a Glance 2014 (s.2)


Fråfallet i vidaregåande skule i Flora kommune er på 25 %. Dette er på nivå med landssnittet, men eg høgare enn fråfallsprosentetn for fylket.

Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: 'fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: 'NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)

Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå KOSTRA mellom utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.


Vi vet at risikofaktorer kan være foreldres psykiske sykdom eller rusmiddelmisbruk, vold i hjemmet, foreldre som er langtidsledige/trygdemottakere, fattigdom i familien osv. Jo flere av disse faktorene som et barn utsettes for, jo større sannsynlighet for skjevutvikling. Jo tidligere en klarer å identifisere disse risikofaktorene og sette i verk tiltak, jo større sannsynlighet er det for at barna klarer seg bra.


Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Radon

Førekomsten av radon er låg generelt i Sogn og Fjordane. Enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon førekjem (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst med at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.

Flora kommune har låg førekomst av radon. Det er gjort ei kartlegging av radonførekomst i kommunale bygg, alle skular og barnahagar har føreteke radonmålingar.

Kvalitet på drikkevatn

Drikkevatnet er generelt godt blant kommunane i Sogn og Fjordane. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er grunnen til dette ut i frå vedlagte data. Kjelde: 'fhi.no

Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: 'fhi.no.

Lovbrot

Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. Trenden har frå 2011 til 2013 ikkje vist markante utviklingstrekk. Kjelde: 'SSB

Frivillige lag og organisasjonar

Flora kommune har ca 450 frivillige lag og organisasjonar. På Flora kommune si heimeside finn ein oversikt over lag og organisasjonar

Deltaking går ned ? Anne?


Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: 'Stortingsmelding 47, kapittel 16


Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Same positive utviklinga ser ein på trivsel i skulen. Dei siste 5 åra har tala for trivsel auka for kommunane.

Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.

Bente, kvalitetssikre tal for mobbing, finne dokumentasjon for trivsel

Mobbing er en vesentlig individuell risikofaktor for psykiske lidelser (Fosse 2006). Barn som mobbes har opptil sju ganger høyere risiko for psykiske plager som engstelse, depresjon, ensomhet og rastløshet, enn barn som ikke mobbes. Blant barn og unge som mobbes er også kroppslige helseplager som hodepine, ryggsmerter, "vondt i magen" og svimmelhet, dobbelt så vanlig som blant andre barn. Jo oftere et barn blir mobbet jo større er risikoen for helseplager (Nordhagen 2005). Sammenhengen mellom mobbing og helseplager understreker at det er viktig å forebygge mobbing i skolen. Det er dessuten viktig å følge med på statistikk over andelen som har vært utsatt for mobbing for å si om hvordan iverksatte tiltak fungerer, og for å kunne drive lokalt kvalitetsforbedringsarbeid. Kjelde: ''fhi.no

Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskadar har gått jamt ned på landsbasis sidan 1950-talet. Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet, og det har det vore lite endring i innlegging grunna personskadar sidan 2008. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år. Ein har ikkje sikker grunn til at Sogn og Fjordane ligg høgare enn landet generelt på innlegging grunna personskadar.

Flora kommune har over tid lege høgt på statistikken over lårhalsbrot. Ein manglar gode tal på om skaden skjer heime, ute eller på institusjon. På landsbasis skjer dei fleste skaden ute i heimane, det er grunn til tru at dette òg gjeld her. Det vert føreteke ei kartlegging av dette i institusjon i 2016. Sjekk med Anita

Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er et betydelig potensial for førebygging av skader og ulykker. Sjukehusbehandla personskadar synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane.  Kjelde: 'fhi.no

Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer mykje frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore over ein halvering av drepne og skadde i trafikken sidan år 2000 i Sogn og Fjordane.

Drukningsulykker: Tal frå Norsk Folkehjelp viser at Sogn og Fjordane har 2 til 10 drukningsulykker årleg siste 4 åra.

Brann: Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er lave: 2013: 1, 2014: 0, 2015: 2.

Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Tal frå undersøking av fysisk aktivitet blant barn og ungdom i Sogn og Fjordane er sprikande. Statistikkgrunnlaget er lite og resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. Generelt viser tala at 10-20% av barn og ungdom mellom 11 til 15 år er fysisk aktiv dagleg over 60 minutt som er anbefalingar frå Helsedirektoratet. Tal frå vidaregåande skule viser at 70-90% av ungdom i Sogn og Fjordane har aktivitet med idrett på fritida.

Flora kommune har gjennommført helseundersøking av elevar i 6., 8, og 10 klasse i 2011, 2013 og 2015. Resultat av dei to første undersøkingane synte at det berre er ein lite del av elevane (8%) som svarar at dei ikkje har vore fysisk aktive i 60 minutt nokon dag siste veka. Samstundes er det òg berre 10 % som oppfyller målet om ein time fysisk aktivitet dagleg.

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og 'Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet

Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret viser at omlag 50% barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt dagleg. I den vidaregåande skulen er det liknande resultat, men med noko meir variasjon mellom kommunane. På vidaregåande et om lag halvparten av ungdom grønsaker dagleg. Igjen er talmaterialet noko lågt som gir forskjellar mellom kommunane. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.

Barnehagane i Flora kommune har fokus på sunn mat. Fellesmåltida som vert tilberedt og servert i barnehagen inneheld lite sukker, og foreldre vert oppfordra til variert og sunn mat i nistepakken til borna.

Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: 'Helsedirektoratet. Kostholdsråd.

Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: 'Matportalen.no, Helsedirektoratet

Virkemidlene for å fremme sunne valg ligger i all hovedsak utenfor helsesektoren, og samarbeidet med andre sektorer, frivillige organisasjoner og private aktører er viktig. Dette er en felles oppgave. Ansvaret på tvers av sektorer må i større grad synliggjøres. Kjelde: 'Meld.St.34 Folkehelsemeldingen 2012-2013. God helse – felles ansvar (s.75).

Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2003 til 2009 viser generelt forhøgja KMI blant unge menn. BMI målt i vidaregåande skule 2012 KMI under 25. Tal frå elevar 11 og 13 år gamle 2011 viser normale verdiar. Avgrensa talmateriale gjev variasjonar mellom kommunane. Ein saknar data over tid. Ein bør merke seg at KMI stig frå 11 års alder og fram til vaksen alder, samt at elevar i alderen 11 til 15 år opplev seg som meir overvektig enn kva faktiske målingar av KMI viser.

Overvekt ser ut til å vere eit større problem i Flora kommune enn elles i landet, vurdert etter andel menn med KMI > 25 kg/m² på sesjon.

Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 

Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 

Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: 'fhi.no

Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.

Høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.

Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i Sogn og Fjordane.

Flora kommune har gjennomført Ungdata våren 2013 for alle 9. klasse og på VG1. Resultat syner at debutalderen for alkohol er om lag som landet for øvrig.

Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: 'SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: 'Helsedirektoratet. Helseskader av snus.

Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere god og ligg over landsgjennomsnittet.

DMTF=0 tyder tenner som ikkje trong behandling eller hadde vore behandla tidlegare (kjelde; tal frå tannhelsetenesta i Florø)

Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no

Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabilt frå 2009 til 2012 med eit hopp for alle kommunane i 2013. Det er uklart kva som er årsak til auken i 2013.

Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har nasjonalt og for Sogn og Fjordane auka frå 2009 til 2013. Tala for dei utvalde kommunane varierer.

Førekomsten av type 2-diabetes er usikker og behandlinga av sjukdomen varierer. Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokon normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde: 'fhi.no

Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2007 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Likande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.

Kreft

I Sogn og Fjordane har dødelegheit av kreft siste 5 åra vore stabil. Nye krefttilfelle aukar jamt i same periode. Tala frå Sogn og Fjordane føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til arvemateriale og miljøpåverknader. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til å redusere tobakksrøyking, reduksjon i eksponering av miljøgifter, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: 'fhi.no


Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: 'fhi.no


Psykiske lidingar

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Sogn og Fjordane under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Nasjonalt viser tal frå reseptregisteret ei auke av bruk av antidepressiva i aldersgruppa 15-19 sidan 2004.

Folkehelseinstituttet estimerer at 8% av barn og unge mellom 3-18 år har ei psykisk liding. Kjelde: 'Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 43)

Ungdata tal Flora eller helseundersøkinga

Omtrent halvparten av den norske befolkninga vil ha ei psykisk liding i løpet av livet, og om lag ein tredjedel i løpet av eit år. Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: 'Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014