Forskjell mellom versjoner av «Vågsøy kommune»

Fra Folkehelseoversikt.no
Hopp til: navigasjon, søk
 
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
{{TOC|align=right}}
+
[https://www.dropbox.com/s/1jy8j2idzf0t00a/Helsedokument%20V%C3%A5gs%C3%B8y.docx?dl=1 Helseoversiktsdokument Vågsøy kommune 2018]{{TOC|align=right}}
  
 
= Befolkningssamansetnad =
 
= Befolkningssamansetnad =
Linje 11: Linje 11:
 
=== Folketalsframskrivingar ===
 
=== Folketalsframskrivingar ===
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsframskrivingar_1}}
 
{{#lst:Folkehelseoversikt|folketalsframskrivingar_1}}
[[Fil:Vågsøy folketalframskriving.png|sentrer|ramme|719x719px|'''kjelde ssb/kommuneplan''']]
+
[[Fil:Vågsøy folketalframskriving.png|sentrer|802x802px|'''kjelde ssb/kommuneplan''']]
  
 
'''Berekningar frå SSB basert på middels nasjonal vekst viser ein folkevekst på 473 personer fram mot 2040. Prognosen viser ei lav auke frem til 2020 og deretter høg vekst. Dette grunna ei jamn auke i aldersgruppa 67-79 år og ei auke i aldersgruppa eldre enn 80 år frå 2025. Aldersgruppa over 80 år er venta å auke med 294 personer og aldersgruppa 67-79 år er venta å auke med 281 personer. Aldersgruppa 20-44 år har nedgang etter 2020.'''  
 
'''Berekningar frå SSB basert på middels nasjonal vekst viser ein folkevekst på 473 personer fram mot 2040. Prognosen viser ei lav auke frem til 2020 og deretter høg vekst. Dette grunna ei jamn auke i aldersgruppa 67-79 år og ei auke i aldersgruppa eldre enn 80 år frå 2025. Aldersgruppa over 80 år er venta å auke med 294 personer og aldersgruppa 67-79 år er venta å auke med 281 personer. Aldersgruppa 20-44 år har nedgang etter 2020.'''  

Nåværende revisjon fra 15. jan. 2019 kl. 12:10

Helseoversiktsdokument Vågsøy kommune 2018

Befolkningssamansetnad

Folketalsutvikling

Befolkninga i Vestland har på fylkesbasis hatt vekst siste fem åra. Ein ser vekst i dei største kommunane, medan mindre kommunar har hatt negativ eller svingande befolkningsutvikling. Det er ein generell trend at folketalet aukar i alder over 80 og at det er ein reduksjon i gruppa 0-17 år.


Sidan 2012 viser det ein nedgang i folketal. Aldersgruppa 80-89 år og eldre over 90 år har ein vekst i folketall. Dei siste fire åra har det vært ein stabil alderssamansetnad både når det gjeld born på ungdomsskulen, vaksne i aldersgruppene 45-66 år og 80-89 år. De siste åra har vi hatt vesentleg lågare fødselstal enn gjennomsnittet.

Sidan 2012 viser det ein nedgang i folketal. Aldersgruppa 80-89 år og eldre over 90 år har ein vekst i folketall. Dei siste fire åra har det vært ein stabil alderssamansetnad både når det gjeld born på ungdomsskulen, vaksne i aldersgruppene 45-66 år og 80-89 år. De siste åra har vi hatt vesentleg lågare fødselstal enn gjennomsnittet.

Befolkningsutvikling blir sett på som ein indikator for regional utvikling. Ønsket om befolkningsvekst har samanheng med fleire forhold som kommunens inntektsgrunnlag og tilgang på arbeidskraft. Utvikling i innbyggjarartal har betyding for kommunen sine planar på omfang og kvalitet av dei ulike tenestane som skal leverast til innbyggjarane i framtida.


Folketalsframskrivingar

Kommunane i Vestland kan forvente at andel eldre over 80 år aukar kraftig fram mot 2040. Folketalsutviklinga i alderesgruppa 0-17 år er meir usikker. Ein vil truleg sjå ein nedgang i folketal i den yngste aldersgruppa i åra som kjem. Det er verdt å merke at SSB vil oppdatere sine berekningar i juni 2020.


kjelde ssb/kommuneplan

Berekningar frå SSB basert på middels nasjonal vekst viser ein folkevekst på 473 personer fram mot 2040. Prognosen viser ei lav auke frem til 2020 og deretter høg vekst. Dette grunna ei jamn auke i aldersgruppa 67-79 år og ei auke i aldersgruppa eldre enn 80 år frå 2025. Aldersgruppa over 80 år er venta å auke med 294 personer og aldersgruppa 67-79 år er venta å auke med 281 personer. Aldersgruppa 20-44 år har nedgang etter 2020.

Dei eldste aldersgruppene er aukande, dei har fleire og meir samansette behov og aukande behov for bustader med bemanning. Det er ikkje nok bemanning til å holde tritt med utviklinga så det førebyggjande arbeidet er viktig for at dei eldre skal kunne være friske og kunne bu lengst mogleg heime. Det er gjort ulike tiltak for å auke kompetansen og rekruttere fleire til omsorgsyrket.

Høg levealder betyr at folk er ved god helse og at vi har gode velferdsordningar, fleire eldre betyr også at det blir fleire som er sjuke og som har behov for helse- og omsorgstenester. Kjelde: 'St.meld. nr. 47, 2008-2009, Samhandlingsreformen.Berekningar har vist at forventa auke i levealder i Noreg vil føre til meir enn dobling i førekomst av demens frå 2015 til 2050, dersom aldersspesifikk utbreiing held seg på dagens nivå. Kjelde: 'Folkehelserapporten 2014. Kommunen må ha ein langsiktig plan for å førebu det aukande tal eldre som vil gje auka belastning på kommunen sitt helse og velferdsapparat.

Etnisk samansetting og utvikling

Innvandrarar har kome til Norge på grunn av arbeid, gjennom familie, som flyktningar eller for å ta utdanning. I 2018 var arbeid den viktigaste innvandringsgrunnen.

I fylgje SSB var det per 5. mars 2019 omlag 944 402 med innvandrarbakgrunn busett i Noreg. Dette utgjer 17.7 % av befolkinga. Det har vore ein mindre tilvekst av innvandrarar dei siste åra. Dei fleste av innvandrarane kjem frå Europa.

Flykningtenesta i Vågsøy ansvar for 108 personer. Desse er frå Syria, Eritrea, Iran og Kongo. 51 av disse er born under 18 år (tala er pr septemeber 2018).

Vågsøy kommune ynskjer at borna skal i barnehage så snart som mogleg og betalar for barnehage og SFO-plass til desse borna.  I barnehage og på skulen er der tolk.

Utfordringar:

I enkelte barnehagar i kommunen er det mange framandspråklege barn. Det er ei utfordring å få til eit godt språkmiljø på plassane der det er mange med ekstra behov. Ein vil difor unngå ei opphopning av fleirspråklege og – kulturelle born i same barnehage /-gruppe. Det er tilsett tolk i barnehagane. Det er også utfordrande å få til eit funksjonelt foreldresamarbeid med fleirspråkelege- og kulturelle foreldre (styrarar barnehagar).

Det går stort sett bra med flyktningane, men utfordringar er hovudsakleg

-         Praktisk

-         Personleg økonomi (til utstyr o.l.)

-         Kulturforskjellar

-         Psykisk helse (opplevingar, traumar, store endringar)

Det er store helsemessige forskjellar mellom grupper av innvandrarar og mellom innvandrarar og etnisk norske. Forskjellane omfattar både fysisk og psykisk helse, i tillegg til helseåtferd. Flyktningar er ei spesielt sårbar gruppe med ekstra folkehelseutfordringar. Vanskar med kommunikasjon og kulturelle forskjellar kan gjere det vanskelig å komme til kjernen av problemet. Det kan vere spesielt vanskeleg å avdekke psykiske sjukdomar. Fysisk inaktivitet, overvekt og fedme er utbredt. Diabetes og hjerte- karsjukdom førekjem hyppigare blant innvandrar frå Afrika og Asia. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014, Folkehelseinstituttet

Kommunen skal mellom anna yte tilfredsstillande helsehjelp, førebyggjande smitteverntiltak, psykososial oppfølging og tannhelsehjelp. Kjelde: ''Helsedirektoratet: Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente

Kommunal kompetanse om helse blant flyktningar og innvandrarar er viktig for å lukkast med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tiltak som reduserer språkvanskar og lettar integreringa er viktig folkehelsearbeid.


Oppvekst- og levekår

Låginntekt hushaldning

Noreg har hatt ein liten, men jamn auke av hushaldningar med under 60% av nasjonal medianinntekt (EU60) siste fem år.

Sogn og Fjordane har følgd same trend, men ligg under under nasjonalt nivå. Trendane på kommunalt nivå føl fylkesutviklinga, I løpet av 2015 og 2016 opplevde nokre av kommunene ei prosentvis auke og steig over nasjonalt og fylkeskommunalt nivå. Grunna lågt talmateriale er det vanskeleg å tolke resultata. Kjelde: fhi.no



Inntekt og økonomi er grunnleggande påverknadsfaktorar for helse. Forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Lav inntekt aukar sannsynet for dårleg helse, sjukdom og tidleg død. Kjelde: fhi.no. Studiar viser at levevanar føl inntekt- og utdanningsnivå. Barn og unge av foreldre med lav sosioøkonomisk status har også auka risiko for langvarige sjukdomar og plagar. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Innsats for å gjere noko med levekår, som arbeid og utdanning, kan bidra til å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for forbetring av folkehelsa. Kjelde: Folkehelserapporten, 2014


Einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar har vore stabilt i Noreg siste 5 åra. Vestland ligg igjen under landsgjennomsnittet. Tala for enkelt kommunar i Vestland varierar kommunane i mellom, men dei fleste har hatt flat utvikling over tid. Tala for einslege forsørgjarar speglar ikkje tala for låginntekt hushaldning.


Tal eineforsørgjarar i Vågsøy er pr. 2016 12,3%. Det er 2,1% under gjennomsnittet for Sogn og Fjordane og 4,3% under landsgjennomsnittet for eineforsørgjarar under 45 år. 

Analyser viser at einslege forsørgjarar oftare har lav inntekt enn hushaldningar med fleire vaksne medlemmar. Tap av forsørgjar gjennom samlivsbrot eller død fører for mange til økonomiske problem. Kjelde: 'fhi.no.'


Arbeidsløyse

Utviklinga av arbeidsløyse i Noreg og Vestland har svinga mellom 1-3% siste 5 åra. Vestland ligg under landsgjennomsnittet for arbeidsløyse. Det er forskjellar mellom kommunar i Vestland, dette ofte grunna nedleggingar og permiteringar i enkelt bedrifter. For kommunar med lågt folketal påverkar permiteringar statistikken ekstra mykje.


Vågsøy arbeidsløyse.png

Sysselsetting i Vågsøy har endra seg mykje dei siste åra. Tal frå 2017 viser ei auka i total sysselsetting på 104 personar frå året før, med totalt 3158 sysselsette i Vågsøy kommune (http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx).

Registrert total arbeidsløyse i Vågsøy pr. november 2017 er på 1,7% (ssb). 

Ein reknar arbeidsledige for å vere ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt. Kjelde: ''fhi.no

Utfordringen framover vil være å holde sysselsettingen høy og bevare de likhetsbevarende trekkene i den nordiske modellen som blant annet bidrar til liten lønnsspredning. Det er en utfordring at noen grupper er betydelig mer utsatt for lavinntekt enn andre, og at noen blir værende i lavinntektsgruppen over lang tid. Særlig er det en utfordring at andelen barn som lever i lavinntektsfamilier har økt de siste årene. Det gjelder særlig barn av innvandrere og aleneforeldre. Det er betydelige forskjeller i lavinntekt. Det er derfor en utfordring å holde en høy sysselsetting i alle deler av landet og sørge for at alle kommuner er rustet til å ivareta de oppgavene de har overfor sårbare grupper. De fleste med lavinntekt har svak tilknytning til arbeidslivet og får en vesentlig del av inntekten gjennom offentlige overføringer. Det gjelder blant annet nyankomne flyktninger, personer med nedsatt funksjonsevne og grupper med kort utdanning. De som faller utenfor arbeidsmarkedet faller også lett utenfor andre deler av velferdssamfunnet og de har dårligere helse enn andre grupper i befolkningen. Mange med lavinntekt har psykiske problemer og/eller rusproblemer.

Kjelde: Folkehelsemeldingen (s 40)


Sjukefråvær

Sjukefråværet i Vestland har vore stabilt rundt 4%. Kommunane viser variasjon rundt fylkesgjennomsnitt. Folketalet i kommunane gjer at ein får kraftige utslag i prosentvis endring frå år til år, dette gjerne utan at sjukefråværet totalt har endra seg mykje.

Årsgjennomsnitt. Legemeldt sykefravær. Prosent. Kvinner og menn. Vågsøy 2001-2018 kjelde: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Helse/DinRegion/helse_sykefraver_region.aspx pr. 07.09.18

Legemeldt sjukefråvær har auka siste åra. Det er generelt stort sjukefråvær i kommunen. Mykje av det er somatisk sjukdom er planlagde operasjonar, svangerskap og andre forhold som ikkje direkte er arbeidsrelatert. For å redusere sjukefråværet er det fokus på opplæring, tilrettelegging av arbeidsoppgåver, tett oppfølging av sjukmeldte og førebyggjande trivsels- og aktivitetstiltak. 


Sjukefråværet vil bli påverka av fleire faktorar. Muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar dominerer

statistikken sjukefråværsstatistikken. Kjelde: ''nav.no.

Universell innsats mot muskel- og skjellettlidingar og psykiske lidingar vil truleg gje størst helsegevinst.


Uføretrygd

Vestland ligg nært landsgjennomsnittet for prosent av befolkninga som tar i mot uføretrygd. Utviklinga er stabil med noko variasjon frå år til år. Det er noko statistisk variasjon blant kommunane i Vestland. Noko kan skuldast lokale forhold med jobbtilbod og utdanningsnivå, noko kan skuldast lavt talmateriale. Nokre av kommunane har til dømes ikkje offentlege tal grunna lavt folketal. Ein kan ikkje trekke sikre konklusjonar om trendar på kommunenivå grunna lavt talmateriale.

Tal frå vågsøy antall uføretrygda kjelde: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Helse/DinRegion/helse_ufore_region.aspx  pr. 07.09.18

Gruppa som tar i mot uføretrygd er ei utsett gruppe for negativ helsepåverknad. Kor mange som tar i mot uføretrygd er ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og jobbtilbod i kommunen.  De siste ti år har andelen som får sjukmelding og uføretrygd vore høgare i Noreg enn i andre OECD-land. Auka helseproblem i befolkninga kan ikkje forklare dette. Årsakene til sjukefråvær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er dei samansette, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanningar og livsstilsfaktorar kan påverke sjukefråværet og andelen som søkjer om uføretrygd. Kjelde: ''fhi.no


Mottakarar av sosialhjelp

Mottakarar av stønad til livsopphold varerier mykje mellom kommunane i Vestland. Dette er truleg grunna individuelle lokale forhold.


Figuren viser sosialhjelpsmottakere etter alder i heile landet, fylket og Vågsøy. Vågsøy har ein vesentleg lavere andel sosialhjelpsmottakere enn både fylke og landet. Vågsøy har likevel aukande tal for sosialhjelpsmottakarar i aldersgruppa 18-24 år i motsetning til dei vi samanliknar oss med, som har stabile tall. Vi har utfordringar også i forhold til å ha eigna bustadar til disposisjon til denne gruppa. Vågsøy sosialhjelp.png


Grupper som står utenfor arbeidsliv og skole har oftere dårligere psykisk helse og mer usunne levevaner enn de som er i arbeid. De siste ti årene har andelen som får sykemelding og uføretrygd vært høyere i Norge enn i andre OECD-land. Økte helseproblemer i befolkningen kan ikke forklare dette. Årsakene til sykefravær og uførepensjon er vanskelige å fastslå. Ofte er de sammensatte, og forhold som usikker arbeidssituasjon, nedbemanninger og livsstilsfaktorer kan påvirke sykefraværet og andelen som søker om uføreytelser. Flertallet av sykemeldinger og langvarige trygdestønader gis for muskel- og skjelettlidelser og psykiske lidelser som angst og depresjon.

Kjelde: fhi.no


Utdanningsnivå

Vestland har opplevd ein jamn nedgang i antall personar i alderen 30-39 år som har fullført høgare utdanning siste 5 år. Ein ser i varierande grad den same trenden i kommunane som i fylket, med auke i antal med fullført høgskule, og jamn nedgang totalt med størst nedgang i antal med fullført vidaregåande. Dette kan truleg knyttast til jobbtilbod og demografiske endringar.


Utdanningsnivået i kommunen er lågare enn for landet, men kommunen har større andel med vidaregåande skule-nivå enn fylket og talet for høgare utdanning er aukande.

 Ein gjer tiltak innan kommunen for å auke kompetanse og tilrettelegge for utdanning i fleire ulike yrker. 
Kvinner og menn med lengst utdanning lev 5-6 år lengre og har betre helse enn dei som har kortast utdanning.

Det er færre som røyker og er overvektige i grupper med lang utdanning.

Dei sosiale forskjellane i levealder aukar, særleg hos kvinner. Forskjellane er større i Norge enn i mange andre europeiske land. Kjelde;fhi.no


Fråfall i vidaregåande skule

For Måløy vidaregåande skule er det ein vesentleg nedgong i talet på ungdommar som sluttar på vidaregåande i løpet av skuleåret (kjelde: skuleporten). 

Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Ein antar at personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Kjelde: ''fhi.no.


Grupper som generelt sett har høyere risiko for å ikke gjennomføre videregående skole er elever med svake grunnskolekarakterer, elever med lavt utdannede foreldre, gutter, minoritetsspråklige elever med manglende norskkunnskap og yrkesfagelever med dårlige grunnferdigheter. Frafall er sluttpunkt av en lengre prosess. Årsakene er ofte sammensatte og kan ligge i ulike faser, gjerne tidligere i opplæringen og i overganger mellom ulike skoletrinn. Den viktigste direkte årsaken til frafall er svake skoleprestasjoner i ungdomsskolen som ofte faller sammen med lav motivasjon og manglende engasjement for læring. Dette kan igjen ha bakgrunn i tidlig sosialisering. Rapporten har vist at familiebakgrunn, særlig foreldres utdanning, har stor betydning for hvordan barn lykkes i utdanningssystemet. Kjelde: ''NOVA Rapport nr 12/10. Språk, stimulans og læringslyst – Tidlig innsats og tiltak mot frafall i videregåande opplæring gjennom hele oppveksten (s68)


Barnevern

Barn under tiltak frå barnevernet varierer i følgje tal frå SSB mellom utvalde kommunar i Vestland. Utviklinga siste 5 åra har vore stabil utan at ein kan identifisere større trendar. Ei auke kan skuldast at barnehagen har blitt meir oppmerksam på risikofaktorar og sender fleire meldingar til barnevernet.Ein må vere merksam på at ei auke i barn under tiltak frå barnevernet ikkje nødvendigvis er ein negativ folkehelsetrend.


Ein ser ei auke i tal barn med barnevernstiltak. Aukinga skyldast at fagfolk er blitt flinkare enn før til å melde frå om bekymringar knytt til barns omsorgssituasjon. Auka barnevernssaker er ikkje bare ein trend i Vågsøy, men ein trend i hele landet. Foreldre er også blitt flinkare til å be om hjelp av barnevernstenesta enn tidlegare. Barnevernstenesta opplev at foreldre i større grad enn tidligare forventar hjelp og støtte av det offentlige når dei har problem. Barnevernstenesta jobbar meir førebyggjande enn tidlegare. Vågsøy kommune er ei TIBIR kommune (tidlig innsats for barn i risiko). Barnevernstenesta har no også bygd ut meir eit eige tiltaksapparat, noko som fører til meir etterspørsel av tenester blant brukarane. Barnevernstenesta har COS (Circle of security) veiledarar og PMTO (Parent Management Training Oregon) veiledar ved kontoret. Barnevernstenesta ser ei auke i tal saker knytt til vold mot barn, og saker knytt til mistanke om seksuelle overgrep. Fokus på disse områda har vært stort blant fleire faggrupper, og fleire meldingar knytt til disse problemområda meldast til barnevernstenesta. Systemet rundt disse sakene har også blitt betydelig utbygd de seinare åra ved oppretting av Barnehus over hele landet. Barnevernstenesta og politi er også blitt flinkare til å handtere slike saker (kjelde: Barnevernsleiar Vågsøy kommune).


Barnevernets hovedoppgave er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg. Barnevernet bistår foreldre i tilfeller hvor de har behov for hjelp i kortere eller lengre perioder. Tjenesten tilbyr foreldretrening og andre familie- og nærmiljøbaserte tiltak og metoder for å hjelpe barn og ungdom. Barn som lever med vold og overgrep, kan få alvorlige og varige psykiske og fysiske skader. For å avdekke barn og unge som har utfordringer, eller er utsatt for omsorgssvikt og vold og gi dem rett oppfølging så er det viktig at kommunene har formalisert samarbeid som er forankret i ledelsen med rutiner som kan følges opp over tid.

Kjelde: Folkehelsepolitisk rapport 2017 (s.109), Helsedirektoretet.


Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Radon

Førekomsten av radon er generelt låg i tidlegare Sogn og Fjordane, men det førekjem enkelte lommer med høg konsentrasjon av radon (Norges Geologiske Undersøkelse). Kommunane har kartlagt radonførekomst ved at alle skular og barnehagar skal ha gjennomført radonmålingar.


Kvalitet på drikkevatn

Kvaliteten på drikkevatnet blant kommunane i Sogn og Fjordane er generelt bra. Men det er nokre variasjonar mellom kommunane. Det er uklart kva som er årsaka, men det kan skuldast usikre eller manglande data. Dette vil gjelde vassverk der det er analysert for få prøver m.o.t E. coli til å kunne vurdere drikkevanns­kvaliteten (færre enn 95 % av krav til antal prøver) og vassverk som ellers mangler data eller har registrert resultat for seint. Kjelde: ''khs.fhi.no


Andelen personar som får vatn frå vassverk som både har tilfredsstillande resultat mht. E. coli og stabil leveranse av drikkevatn ser ut til å være lågare enn landsnivået. Når kommunens forsyning av drikkevatn vert vurdert, må det takast omsyn til kor stor del av befolkninga som er tilknytt slike vassverk.

Antall vassverk: 5

Skramsvatnet VBA, Kvalheim VBA, Almenning VBA, Bryggja VBA og Raudeberg VBA. Suppleringskilde pr. i dag  er Nygårdsvatnet.

Nytt vassverk Raudeberg, og sjøledning mellom Raudeberg og Trollebø kom i drift i Januar/februar 2017.Vassverk Skamsvatntnet dam er rehabilitert i 2018. Innbyggjarane i Måløy, Raudeberg, fastlandet og vestre krets forsynast frå Skramsvatnet VB og Raudeberg VB. Nygårdsvatnet vil fortsatt være i beredskap som reservekilde.  Alle vassverka i Vågsøy kommune er underlagt rapporteringsplikt, og det blir tatt vassprøver ved anlegga kvar veke.  96,5% av Vågsøy si befolkning er forsynte med vatn frå kommunale vassverk. Enkelte bygder er ikkje kobla på vassverka og har enten private vassverk eller eigne brønnar.

Drikkevatn fritt for smittestoff er ein vesentleg faktor for folkehelsa, og E.coli er ein av dei mest sentrale parameter for kontroll. E.coli er en tarmbakterie som indikerer fersk fekal forureining.  Kjelde: ''fhi.no.


Lovbrot

Kommunane i gamle Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet for sikta personar per 1000 innbyggjarar samanlikna med resten av landet. I løpet av tidsrommet 2013 - 2018 har talet på sikta sunke jamt. Kjelde: ''SSB


I følgje politiet i Vågsøy ser ein nedgang i «utelivsbråk» - ordensforstyrrelse. Politiet er meir synlege og til stades i bybilete. For vald, skadeverk, tjuveri, grove tjuveri og naskeri er det ein nedgang. Politiet ser at det er nedgang i tjuveri, innbrot i hus, bilbrukstjuveri og butikktjuveri.  Dette kan ha årsak i at det er meir alarmar og overvaking i butikkar og at teknologi i kvardagen gjer det vanskelegare å begå tjuveri. For narkotikalovbrot er det ei lita auke. Politiet registrerer at det er rekruttering i rusmiljøa. Det er også registrert auke i tal lovbrot når det gjeld trafikksaker, trusselsaker og saker som omhandlar seksuallovbrot.

Politiet registrerer at det er ei auke i trusselsaker, og nokre av desse sakene skjer på dei ulike nettstadane. Samt at nokre av desse trussel-sakene begås i miljø som er rus-belasta. Politiet ser med bekymring på at det er ei rekruttering i rus- miljøa. Ulike typar rus blir meir og meir tilgjengeleg, og arbeidet for å redusere rekruttering og avdekke narkotikakriminalitet er meget ressurskrevjande. «At endå fleire arbeidar saman mot dette målet – å stanse rekruttering til ulike rusmiljø – meina vi må være et av kommunens viktigaste framtidige mål»  (Nils Bakke – Vågsøy lensmannskontor(2017)).

Frivillige lag og organisasjonar

Vågsøy kommune har mange lag- og organisasjonar som bidreg til store samfunnsmessige og personlege verdiar. Dette er organisasjonar innan idrett, kultur, samfunnsdeltakelse mm. Til ulike aldergrupper. 

Ungdataundersøkelsen viser at 69% ungdomsskuleelevane er med i lag/organisasjon på fritida.  8% seier de aldri har vært med i noko organisert fritid (ungdata 2017). I idretten er born og unge klart representert, og opp gjennom ungdomsåra og inn i vaksen alder går andelen aktive ned. Størst nedgong er det i aldersgruppa  13-19 år. I idretten ser vi ein tendens til lågare konkurransealder og meir spesialisering. Sogn og Fjordane idrettskrins uttrykker bekymring over utviklinga og kva den vil bety for den generelle aktiviteten og framtidig deltaking i frivillige lag- og organisasjonar. «Gode i hop» er Sogn og Fjordane si handlingsplan for idretten i Sogn og Fjordane 2016-2020.

Frivillige organisasjoner representerer en betydelig ressurs i norsk samfunnsliv, også i forhold til samfunnsområder der det offentlige har påtatt seg ansvar og der ansvaret er reflektert gjennom tjenester som ytes til befolkningen. Kjelde: ''Stortingsmelding 47, kapittel 16


Mobbing og trivsel i skulen

Tala for mobbing i gamle Sogn og Fjordane ligg under gjennomsnittet for resten av landet. Utvalde kommunar i fylket har trend i positiv utvikling, med mindre mobbing generelt i skulen. Den same positive utviklinga ser ein i trivsel på skulane.

Det er viktig med fokus på vidare systematisk arbeid for å førebyggje mobbing i skule og barnehagar.


I Ungdata-undersøkinga (2017) seier 5% at dei blir mobba, plaga eller utfryst kvar 14. dag eller oftare på ungdomstrinnet. 3% seier deier dei er med på plaging, truslar eller utfrysning av andre unge på skulen eller på fritida.

Elevar i Vågsøy kommune 2015/2016 fortel om litt mindre mobbing enn gjennomsnitt for fylket og nasjonen. Tala for dei seinare åra syner at færre elevar i Vågsøy, fylket og nasjonen opplever mobbing no i forhold til for nokre år tilbake. Tala frå elevundersøkinga han du sjå her.

Skulane og barnehagane arbeider systematisk med førebygging av mobbing og utvikling av gode læringsmiljø.  Tidleg innsats og førebyggjande arbeid er viktige prinsipp i arbeidet.

På bakgrunn av elevundersøkinga (som er vist til over) i forhold til trivsel på skulen ser vi at elevane stort sett trivast godt på skulen. Men gjennomsnittstala frå vågsøyskulane er synkande i forhold til tidlegare år. 

Barn og unge som opplever mobbing har betydelig økt risiko for å få psykiske problemer, søvnvansker og kroppslige plager som hodepine og magesmerter (Singham, 2017; Klomek, 2015).

Det finnes en rekke verktøy og programmer som kan forebygge mobbing og fremme god samhandling mellom barn og unge.

Når det gjelder digital mobbing, er det flere grunner til å være bekymret for konsekvensene: Det er vanskeligere å skjerme seg fra digital mobbing enn fra annen mobbing. Anonymiteten gjør at naturlige grenser for hvordan man oppfører seg mot andre, opphører. For den som blir mobbet er det vanskelig å stoppe eller begrense spredningen av digitalt innhold, og dette gjør situasjonen mer uforutsigbar og skremmende. Mobbingen kan nå ut til et stort publikum, noe som gjør at den som blir mobbet kan kjenne seg utrygg i alle sosiale situasjoner. (Kowalski, 2014; Slonje, 2008; Spears, 2015; Roland, 2014).Kjelde:www.fhi.no


Skader og ulykker

Personskadar behandla i sjukehus

Utviklinga av personskader har gått jamt ned på lands-og fylkesbasis sidan 1950-talet. Kommunane har variasjon seg i mellom og noko variasjon frå år til år.

Vågsøy har hatt synkane utvikling i skader sidan 2008 og ligg no omtrent på landsgjennomsnittet. 


Blant eldre er hoftebrot spesielt alvorleg då det kan føre til redusert funksjonsevne og behov for hjelp, og dermed redusert livskvalitet. Blant ungdom og unge menn gjev trafikkulykker både redusert helse og tapte liv. Det er eit betydelie potensial for førebygging av skader og ulukker. Sjukehusbehandla personskader synar berre omfanget av dei alvorlegaste skadane.  Kjelde: ''fhi.no


Andre ulykker

Trafikkulykker: Drepne i trafikken varierer frå kommune til kommune. I følgje data frå kommuneprofilen.no (velg Sogn og Fjordane) har det vore meir enn ei halvering av drepne og skadde i trafikken i åra 2000-2018 i Sogn og Fjordane med nokre variasjonar frå år til år.

Drukningsulykker: Det druknar ca 100 personar årleg i Norge. Vaksne menn er overrepresentert på denne statistikken Tal frå Redningsselskapet viser at Sogn og Fjordane har lege på 3-10 drukningsulkker årleg i tidsrommet 2010-2019.

Brann: Sidan DSB starta registreringene av omkomne i brann i 1979 har det i snitt omkomme 61 personer kvart år i Norge. Over 80 prosent har omkomme i bustadbrann. Eldre og pleietrengande, personar med nedsatt funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsett. Tal fra DSB syner at cirka 75 prosent av dei som døyr i brann er i desse gruppene.Tal frå DSB viser at omkomne i brann i Sogn og Fjordane årleg er låge.

Helserelatert atferd

Fysisk aktivitet

Statistikkgrunnlaget for fysisk aktivitet blant barn og unge i Sogn og Fjordane er lite, resultata varierer frå år til år og mellom kommunane. På landsbasis oppfyller omlag 80-90 % av barn i barneskulealder tilrådingane om å vere fysisk aktive dagleg i over 60 minutt. Halvparten av 15- åringane oppfyller tilrådingane. Barn og unge sit stille store delar av dagen, omtrent halvparten av dagen sit 6-åringane stille. 15-åringane sit stille heile ni timar kvar dag heile veka gjennom. 

Tal frå Ungdata 2017 og 2018 viser at 80-95% av ungdom i Vestland er fysisk aktive på fritida.

Blant vaksne er det om lag 30 prosent som oppfyller tilrådingane. (kjelde; Folkehelserapporten 2014, fhi.no).


Det er mange som er i fysisk aktivitet ein eller fleire dagar i veka. Samtidig er mange for lite aktive elles i kvardagen, og mykje tid blir brukt framfor skjermar av ulike slag. Både i arbeid- og skuletida og på fritida.

Tal frå Ungdataundersøkinga (2017) syner at 82% av Ungdommane i 8. 9. og 10. klasse trenar minst éin gong i veka. Dei fleste som trenar i idrettslag og trenar på eiga hand er på 8. og 9. trinn, medan dei fleste av dei som trenar i 10. trinn er på treningsstudio.  45% trenar på eiga hand og 16% trenar på treningsstudio.

Barneskulane  i Vågsøy kommune jobbar  etter ASK-metoden for meir fysisk aktivitet i skuletida. I kor stor grad og i kor mange klasser dette vert brukt er ulikt frå skule til skule.

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn si vekst og utvikling. Helsedirektoratet anbefaler at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum 60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gonger i veka. Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg intensitet i veka.

Kjelde: Folkehelserapporten 2014, Fysisk aktivitet i Norge og Anbefalinger om kosthold,ernæring og fysisk aktivitet ( s.12) - Helsedirektoretet

Fysisk aktivitet kan gje eit betre sjølvbilde, betre sosial tilpassing, auka tru på eigen mestring og trivsel. I tillegg er fysisk aktivitet viktig for læring (FHI 2016; Barn, miljø og helse, risiko og helsefremmende faktorer).

Det er eit stort potensiale for auka fysisk aktivitet i det å gå- på fritida, gjennom daglege gjeremål og transport til og frå arbeid, skule og fritidsaktivitetar (Folkehelsemeldingen, Meld. St (2018-2019). Nyare forsking på fysisk aktivitet og helse gjennom livet syner at fysisk aktive vil ha langt betre fysisk og psykisk helse enn fysisk inaktive. Berre nokre få minuttar dagleg fysisk aktivitet tilsvarande rask gange, har stor helsegevinst.

For lite fysisk aktivitet kan auke risikoen for sjukdommar som hjerteinfarkt, kreft og type 2 diabetes. Inaktivitet og mykje stillesitting er knytt til auka risiko for fleire folkesjukdommar og død før 70 års alder.

Kjelde: https://www.fhi.no/nettpub/hin/levevaner/fysisk-aktivitet/


Kosthald

Tal frå Samhandlingsbarometeret og Ungdata 2017 viser at berre 20-40% av barn og unge mellom 11 og 15 år et frukt og bær dagleg. Det er liknande resultat i den vidaregåande skulen, men det er lite data tilgjengeleg når det gjeld dette. Det er interessant å observere at jenter generelt et meir frukt og grønsaker i alle aldersgrupper. Tala seier ikkje noko om variasjon i kosthald eller i kva form frukt og grønsaker vert konsumert.

Vågsøy kommune har hatt retningslinjer for kosthold i barnehage i mange år. Dette har vært vellykka i barnehagen, både med tanke på maten som blir servert og innhaldet i matpakkane til borna. I 2016 kom det retningslinjer for kosthold i barneskule, SFO og ungdomsskule. I følgje undersøkinga som er vist til over, viser at litt under halvparten av Vågsøy sine ungdommar et frukt dagleg. Det er om lag 70% som et frukost dagleg.

I eldreomsorga er ein i gong med å endre tidspunkta for måltida – dette spesielt med tanke på tal timar mellom kvart måltid og kva tid på dagen middagsmåltidet vert servert. Her finn du Helsediretorartet sin informasjon om «ernæring, mat og måltider i sykehjem».

Sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet er bra for både kropp og velvære. Med riktig kosthald kan ein førebygge sjukdom. Ofte kan små grep i kvardagen ha stor betyding for helsa. Matvarer merka med Nøkkelhol er eit hjelpemiddel for å ta dei små, sunne grepa i kvardagen. Det er anbefalt å ete minst fem porsjoner grønsaker, frukt og bær dagleg. Kjelde: ''Helsedirektoratet. Kostholdsråd.


Mange barn får i seg for mykje sukker gjennom brus eller saft. Ein halv liter brus eller saft inneheld om lag 50 gram sukker som svarar til 25 sukkerbitar. Kjelde: 'Matportalen.no, Helsedirektoratet

Måla for Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2017 – 2021) fram mot 2021 er:

– å auke forbruket av grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer og fisk med 20 prosent

– å redusere innhaldet av tilsett sukker i kosten til 11 energiprosent

– å redusere innhaldet av metta feitt i kosten til 12 energiprosent

– å redusere innhaldet av salt i kosten frå 10 gram til 8 gram per dag.

Kjelde: 'Meld.St.19 Folkehelsemeldingen 2018-2019. Gode liv i eit trygt samfunn (s.120).


Overvekt

Andel gravide med KMI over 25 har vore stabilt høg siste 5 år. Sesjonstal frå 2011 til 2018 viser at andel med KMI over 25 frå Sogn og Fjordane har lege stabilt på kring 26%, som er relativt høgt.

Nasjonale tal syner at i perioden 2005-2018 har andel 8 og 9 åringar med overvekt og fedme vore stabil, på ca 20 %.

Frå 2005-2011 auka andel 15 åringar med overvekt eller fedme. Blant 15 årige gutar har andel med overvekt eller fedme halde seg relativt stabil. Ein ser ein liten auke i overvekt eller fedme blant 15 årige jenter. I 2005 var andelen 15 år gamle jenter med overvekt eller fedme omlag 16 %, mens den i 2018 var omlag 21%.

Tromsøundersøkinga og Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag tyder på at dei fleste vaksne har enten overvekt eller fedme, og at mindretalet har normal vekt.

Cirka 1 av 4 middelaldrande menn og 1 av 5 kvinner har no fedme med kroppsmasseindeks på 30 kg/m2 eller over. Andelen har auka dei siste 40-50 åra.

Det er høge tal for overvekt (KMI over 25) blant kvinner før svangerskapet i Vågsøy. Folkehelsebarometeret viser  også høgare tal for overvekt blant 17 åringar i Vågsøy enn elles i landet (sesjonstal, gutar og jenter  17 år).

Fleire jenter i 13- og 15- års alderen i Vågsøy føler seg overvektige enn resten av fylket og landet. 

Kroppsmasseindeks (KMI) gjev uttrykk for vekt i forhold til høgde og vert nytta til å kunne måle og samanlikne helserisikoen ved blant anna overvekt i ei befolkning. WHO har satt følgjande grenseverdi for å klassifisere overvekt og fedme blant vaksne over 18 år ved hjelp av KMI (kg/m²): 

KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig 

KMI på 30 og over = fedme 


Overvekt og fedme gjev auka risiko for type 2-diabetes, hjerte- og karsjukdom, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. Overvekt og fedme kan også ha alvorlige psykiske helsekonsekvensar. Det er ingen klar KMI-grense for når sjukdomsrisiko aukar eller fell, overgangane er glidande. 


Erfaring viser at det for dei fleste er vanskelig å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt med tiltak som kan påverke mat- og aktivitetsvanar er derfor viktig. Kjelde: ''fhi.no

Søvn

Insomni (søvnvansker) er den vanligste søvnforstyrrelsen og blant de vanligste helseplagene i alle aldersgrupper. Søvn er viktig for god helse. I de siste årene har vi fått mer kunnskap om søvnens betydning for helse og folkehelse. Dårlig eller for lite søvn kan påvirke humør, konsentrasjonsevne og yteevne (Folkehelserapporten, 2018).

Fullversjon av folkehelserapporten finn du her

Ungdom mellom 14 og 18 år har større søvnbehov en yngre barn og voksne. Dei treng litt over 9 timar søvn per natt. Ellers er hovudregelen at voksne treng 7 ½ til 8 timer søvn. 8-åringar skal legge seg ca kl. 20.00 og så legge seg eit kvarter seinare for kvart år. Ingen skulebarn/ungdom bør legge seg seinere enn kl. 21.30. (kjelde: ung.no). Nasjonale undersøkingar syner at ungdom i snitt berre søv 6,5 timar per natt på vekedagane (Folkehelserapporten 2018).Ein stor norsk studie syner at ungdom søv to timar mindre enn anbefalt på vekedagane).

Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i gamle Sogn og Fjordane.



Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere stabilt god og ligg over landsgjennomsnittet.


Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabil frå 2015-2019. Det er usikkert kva som er årsak til auka frå åra før.


Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2018, både nasjonalt og i kommunane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.

Muskel- og skjelettsykdommer omfatter blant annet smertetilstander i rygg og nakke, revmatiske sykdommer (som leddgikt og artrose) samt osteoporose (benskjørhet) som forårsaker mange hoftebrudd blant eldre.

Kreft

I Vestland har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Vestland føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no


Psykiske lidingar og plager

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Vestland under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse må det leggast vekt på miljøfaktorar og dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. Det måt fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar ( Folkehelserapporten 2018). Høg livskvalitet har samanheng både med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar. Livskvalitet og trivsel synast òg å ha positive konsekvensar for den fysiske helsetilstanden, muligens på grunn av positive effektar på sosiale relasjoner, livsstil og helseatferd, stress, ulykkesforekomst og generell meistring, men også direkte på immunforsvaret og hjerte- og karsystemet (fhi.no).

Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Ulike studiar syner at mellom 16 og 22% av den vaksne befolinga har ei psykisk liding i ein periode på 12 månader. Dei vanlegaste er angstlidingar, depresjon og rusbrukslidingar. For barn og unge viser befolkingsstudier i Norge at om lag 7 % av alle barn og førskulealder og skulealder har symptom som kan tyde på ei psykisk liding (Folkehelsemeldingen, Meld. St.19 (2018-2019)).

Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014


Røyking og rusmidlar

Utvalde kommunar i Sogn og Fjordane har sett ein fallande trend for kvinner som røyker under svangerskapet. Tala for røykevanar frå vidaregåande skule er låge, men ein manglar samanlikningsgrunnlag frå fleire år. Tal frå Ungdata 2017 viser at 85-95% av ungdomsskule elevane oppgir at dei aldri har røykt, medan 60-75% av elevane på vidaregåande seier det same. Tala frå Sogn og Fjordane føl trenden for den norske befolkninga som viser ein kraftig nedgang i røykarar i Noreg siste åra, spesielt blant ungdom.


Ein høg del av elevar i 10. klasse har prøvd snus. Tala beskriv ikkje den daglege bruken av snus.


Tal frå vidaregåande om ungdom som har prøvd narkotiske stoff ligg lågt i gamle Sogn og Fjordane.


Det er stadig færre som røyker, både av ungdom og vaksne. I ungdata-undersøkinga (2017), er prosentdelen av elevar som røykjer dagleg synkande, medan prosentdelen som snusar dagleg er stabil.  Tala på dette på ungdomsskulen er svært lave.

96% av jentene og 97% av gutane i 2 VGS har aldri prøvd narkotiske stoff. I følge polititet (2017)  er det er auke i rekrutteringa i rusmiljøa i Vågsøy. 

Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av dei som røyker daglig i mange år, dør av sjukdomar som skuldast tobakk. I tillegg råkast mange av sjukdommar som fører til helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at dei som røyker dagleg, i snitt dør 10 år tidligare enn ikkje-røykarar, og 25 prosent av dei som røyker dagleg dør 20-25 år tidligare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Kjelde: fhi.no

Røykevanar er knytt opp mot sosial ulikskap i helse. Kjelde: ''SIRUS.no (kapittel 3.3.4)

Bruk av snus aukar risiko for kreft i bukspyttkjertel, spiserøyr og munnhole og har fleire andre negative effektar. Snus aukar risiko for dødfødde og for tidleg fødsel. Kjelde: Helsedirektoratet. Helseskader av snus.


Helsetilstand

Tannhelse

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane er rekna for å vere stabilt god og ligg over landsgjennomsnittet. På landsbasis har det vore ein nokså jamn nedgong i kariesførekomst i tennene blant 5, 12 og 18- åringane dei siste 25 åra. Om lag ¾ av alle 5, 12 og 18-åringar er undersøkte/behandla eller registrert (Kjelde; SSB). DMTF=0 tyder tenner som ikkje trong behandling eller hadde vore behandla tidlegare (kjelde; SSB, Florø tannklinikk).

Vågsøy ligg jamt over gjennomsnittet i Sogn og Fjordane for Cariesfri 5, 12 og 18 åringar. 

DMFT = 0 tyder tenner som ikkje trong behandling eller hadde våre behandla tidlegare (Kjelde: https://statistikk.fylkesatlas.no/statistikk/511bc457-b6a4-446a-bf57-04c698316b50 pr. 21.09.2018) Vågsøy tannhelse5.png Vågsøy tannhelse12.pngVågsøy tannhelse18.png

Dei siste 30 åra har tannhelsa betra seg mykje. Fleire barn og unge har ingen eller få hol i tenna. Endå varierer tannhelse med alder, økonomi, og kvar i landet ein bur. Kjelde: fhi.no


Sjukehusinnleggingar generelt

Tal på innleggingar på sjukehus for pasientar i Sogn og Fjordane har vore relativt stabil frå 2015-2019. Det er usikkert kva som er årsak til auka frå åra før.


I forhold til utskrivingsklare pasientar ligg Vågsøy høgt i antall liggedøgn. I 2017 hadde Vågsøy 204 liggedøgn for utskrivingsklare pasientar av sogn og fjordane sine 342 liggedøgn totalt.  Pr. August 2018 er Vågsøy oppe i 119 liggedøgn for utskrivingsklare pasientar. 

Diabetes

Bruk av legemiddel til behandling av type 2-diabetes har auka gradvis frå 2008 til 2018, både nasjonalt og i kommunane. Tala for dei utvalde kommunane varierer.


Vågsøy kommune ligg høgt i snitt i forhold til bruk av legemidlar til Diabetes type 2. Vågsøy ligg over snittet i Sogn og Fjordane, og rett under landsgjennomsnittet. Diabetes er utbredt i alle aldre. 

Ein reknar at ca 350.000 personer i Noreg har diabetes type 2, og at halvparten av desse ikkje veit dei har sjukdommen. Ca 28.000 personar har diabetes type 1. Kjelde:Diabetes.no.

Kosthald, mosjon og vektreduksjon kan for nokre normalisere blodsukkeret og halde sjukdomen under kontroll, og er ein sentral del av behandlinga for alle med sjukdommen. Moderne retningslinjer for behandling av diabetes legg likevel i aukande grad vekt på nytta av medikamentell behandling for å redusere førekomsten av seinkomplikasjonar av sjukdommen (tap av syn, amputasjon, hjarte/kar-sjukdommar, sår, nyresjukdom), som er den viktigaste årsaken til redusert helse og økte helsekostnader for denne sjukdommen. Overvekt er ein viktig risikofaktor for utvikling av type 2-diabetes og førekomst av type-2 diabetes kan derfor spegle befolkninga sine levevaner. Kjelde:Helsebilioteket


Hjerte- og karsjukdomar

Det har sidan 2002 vore ein jamn reduksjon i dødelegheit (0-74 år) av hjerte- og karsjukdom. Dette kan skuldast både meir effektiv behandling og førebygging, men også auka levealder i befolkninga generelt.


I følgje folkehelsebarometeret (2016) ligg Vågsøy over gjennomsnittet i hjerte- og karsjukdommar behandla i sjukehus. I Vågsøy er terskelen låg for å sende pasientar med mistanke om hjerte- og karsjukdommar vidare til spesialisthelsetenesta. Dette kan ha innverknad på tal innleggingar.  

Muskel- og skjelettlidingar

Sogn og Fjordane ligg rett over landsgjennomsnittet i registrering av muskel og skjelettlidingar i primærhelsetenesta. Liknande trend finn ein og i spesialisthelsetenesta, medan lårbeinsbrot ligg på landsgjennomsnittet.

Muskel- og skjelettsykdommer omfatter blant annet smertetilstander i rygg og nakke, revmatiske sykdommer (som leddgikt og artrose) samt osteoporose (benskjørhet) som forårsaker mange hoftebrudd blant eldre.

I følgje folkehelsebarometeret (2016) ligg Vågsøy over gjennomsnittet i muskel- og skjelettlidingar. 

Kreft

I Vestland har dødelegheit av kreft vore stabil siste 5 åra . Nye krefttilfelle har auka jamt i same periode. Tala frå Vestland føl nasjonal utvikling.


Årsak til kreftsjukdom er knytt til miljøpåverknader og arvemateriale. Ein reknar at det er få tilfelle av kreft der arv er einaste årsak. Førebygging av kreftsjukdom er knytt til reduksjon i eksponering av miljøgifter, å redusere tobakksrøyking, redusere alkoholkonsum, auke inntak av frukt og grønsaker, auke fysisk aktivitet, førebygge overvekt og unngå å bli solbrend. Kjelde: ''fhi.no

Årsak til auke i krefttilfelle kan vere aukande alder i befolkninga og betring i diagnostiske verktøy. Kjelde: ''fhi.no


Psykiske lidingar

På oversikt over registrerte psykiske lidingar i primærhelsetenesta ligg Vestland under landsgjennomsnittet. Det er stor variasjon i data mellom dei utvalde kommunane, noko som kan forklarast med lavt talmateriale i enkelte kommunar. Ein har for lite data til å kunne vurdere utviklinga.

Ei rekke undersøkingar syner at låg sosioøkonomisk status, målt som kort utdanning eller lav inntekt, har samanheng med risiko for psykiske plager. Psykiske lidingar i barne- og ungdomsår ser ut til å ha meir vidtrekkande negative konsekvensar enn somatisk sjukdom. Døme er fråfall i skule, lausare tilknyting til arbeidsmarkedet, økonomiske vanskar og vanskar i nære relasjonar. Barn som syner tegn på psykiske plager eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt i helsestasjon, barnehage og skule.

I arbeidet med psykisk helse må det leggast vekt på miljøfaktorar og dei forhold som påverkar psykisk helse og trivsel i populasjonen. Det måt fokuserast på folk sine betingelsar for meistring; forhold i menneska sitt miljø og på dei arena som fremmar meistring, tilfredsheit, tilhørigheit, utvikling og vekst, oppleving av meining, autonomi og positive relasjonar ( Folkehelserapporten 2018). Høg livskvalitet har samanheng både med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar. Livskvalitet og trivsel synast òg å ha positive konsekvensar for den fysiske helsetilstanden, muligens på grunn av positive effektar på sosiale relasjoner, livsstil og helseatferd, stress, ulykkesforekomst og generell meistring, men også direkte på immunforsvaret og hjerte- og karsystemet (fhi.no).

Folkehelseinstituttet estimerer at 8% av barn og unge mellom 3-18 år har ei psykisk liding. Kjelde: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 43)

Ungdataundersøkinga (2017) viser at dei fleste  ungdommane har det bra med seg sjølve. Det er også ein god del av  ungdommane, spesielt jentene slit med ein del psykiske plagar i kvardagen. Dei utfordringane som er meste  framtredande, er at dei uroar seg mykje om ting,  dei har hatt søvnproblemer og kjenner at alt er eit slit. Det er også liknande tal frå tidlegare ungdata-kartleggingar. Samanliknar ein med tidlegare tal, er tala i betring for ungdommane i Vågsøy, i følgje ungdataundersøkingane.

Helsestasjonen og skulane har auka fokus på psykisk helse og samarbeid. Helsesøster og psykisk helseteneste er meir inne i skulane.

Avdeling psykisk helse og rus tilbyr tenester til personer med milde og kortvarige psykiske utfordringar, personer med alvorlige og langvarige psykiske lidingar, personer med rusproblematikk og/eller ROP (rus- og psykiatri) lidingar, og personer som er pårørande til de nemnte gruppene. I tillegg er dei ein del av den kommunale skulehelsetenesta på ungdomsskulen, og vi drifter gruppetilbod for barn og unge. 


Psykiske lidingar er i dag ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Norge og er eit satsingsområde nasjonalt. Ulike studiar syner at mellom 16 og 22% av den vaksne befolinga har ei psykisk liding i ein periode på 12 månader. Dei vanlegaste er angstlidingar, depresjon og rusbrukslidingar. For barn og unge viser befolkingsstudier i Norge at om lag 7 % av alle barn og førskulealder og skulealder har symptom som kan tyde på ei psykisk liding (Folkehelsemeldingen, Meld. St.19 (2018-2019)).

Dei tre vanligaste gruppene psykiske lidingar er angstlidingar, depressive lidingar og alkoholmisbruk. Førekomsten har vore stabil i den norske befolkninga siste 10 år. Kjelde: ''Folkehelseinstituttet: Psykiske lidelser i Norge: Et folkehelseperspektiv (s 22)

Psykiske lidingar i barne- og ungdomsåra aukar risikoen for fysisk sjukdom, fråfall frå skulen, lausare tilknyting til arbeidsmarknaden og rusmisbruk. Barn som viser teikn til psykiske plager, eller som er eksponert for alvorlege risikoforhold bør fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjon, barnehage og skule er sentrale arenaer. Kjelde: ''Folkehelserapporten 2014


Oppsummering

Livsstilssjukdomar

Livsstilsjukdommar som hjerte-/kar sjukdommar, muskel og skjelettlidingar, enkelte kreftsjukdommar, diabetes type 2 og overvekt/fedme er noko som er utfordrande i Vågsøy. Vi har meir og meir fokus på forebygging av desse sjukdommane på enkelte områder, men vi treng å auke fokus og kunnskap ytterlegare. Dette bl.a. gjennom fokus på alle områder og gjennom heile livsløpet. Kunnskapsauke og informasjon og fokus i kampanjeperiodar,  vi må finne nye vegar for å nå fram til alle og vi må tenke smarte og gode løysingar saman. Fysisk aktivitet, kosthold, røyking, alkohol, stress og søvn er faktorer som påverkar vår livsstil og helse.

Psykisk helse

Psykisk helse er i dag ei av dei største helse- og samfunnsutfordringane i Norge. Dette er også utfording i Vågsøy. Det vert gjort store nasjonale og lokale satsingar på dette området, og dette arbeidet må fortsette. Det er viktig å sjå ting i ein samanheng og arbeide saman for å førebyggje og minske forekomsten av desse utfordringane og lidingane.

Sosial ulikhet

I internasjonal  samanheng  er den  norske  folkehelsa  god, men bak tala skjuler det seg store forskjellar i sjukelegheit og dødelegheit. Dei med høg utdanning og god økonomi har best helse. Innbyggarane i Vågsøy kommune har lågare utdanningsnivå enn landet, men inntektsnivået er ikkje lågt. I eit folkehelseperspektiv er sosial ulikheit fortsatt ein av våre største utfordringar som samfunn. Dette er komplekse utfordringar som krev samansette løysingar. Ei rekke samfunnsforhold påverkar folkehelsa. Så lenge sosial ulikskap i helse oppstår på grunn av ulik ressursfordeling på ei rekke samfunnsområde og gjennom heile livet, må ein tenke folkehelse og fordeling i alt vi gjer. Reduserte sosiale helseforskjellar er eit viktig mål i folkehelsearbeidet. Ei utjamning av dei sosiale helseforskjellane gjev eit stort potensiale for betring av folkehelsa.